
Cato skal være med å styrke Hesselberg Truck’s satsing i Fjordane
Cato jobba ved Havyard i 18 år. No skal han gje gaffeltruckleverandør eit løft
NYE I SOGN OG FJORDANE: Hesselberg Truck AS satsar dei i nordfylket. F.v.: Serviceteknikar Cato Strandos, distriktssjef Hans Erik Ørbeck og serviceleiar Jan-Gunnar Olsen. Dei to siste jobbar til dagleg ved bergenskontoret, medan Strandos skal ha ansvaret for Fjordane.
Foto: David E. Antonsen
Skrevet av: David E. Antonsen/Firda, publisert 29.08.21
Gaffeltruckleverandøren Hesselberg Truck AS har ambisjonar om marknadsdelar i Sogn og Fjordane. I spissen for den står Cato Strandos frå Lavikdalen.
– Eg har jobba ved Havyard Leirvik i 18 år – sidan 2006 som mekanikar på vedlikehaldsavdelinga. Eg har jobba med truck, kran og lift og andre maskiner på verftet. Det å bli Hesselberg Truck sin nye serviceteknikar i Fjordane er noko annleis – noko nytt og spennande. Eg føler meg på ein måte litt fersk i faget; for skru på gaffeltruckar, det kan eg. Men eg skal også reise rundt og snakke med nye kundar for å bygge opp ein kundekrins her i området.
Det seier Cato Strandos (42) frå Lavikdalen. 9. august byrja han som gaffeltruckleverandøren Hesselberg Truck AS sin serviceteknikar i Fjordane. Kundane i Sogn blir handtert av ein kollega basert på Voss.
Ingen sju-til-tre-jobb
Men Cato var ikkje blant dei som måtte finne seg anna arbeid, etter at Havyard Leirvik måtte skalere ned aktiviteten.
– Eg sa opp sjølv. Eg har vore der i 18 år, og tenkte det var på tide med noko nytt, seier han.
– Men kvifor Hesselberg Truck?
– Det er ein spennande jobb, der du får reise rundt og bygge relasjonar til nye kundar. Men det er klart, det er ein ny måte å jobbe på for meg, samanlikna med å jobbe frå sju til tre slik eg er van med, smiler Cato og legg til at Hesselberg har eit klart mål om å auke marknadsdelen deira i Sogn og Fjordane.
Draumen hans er at det på sikt vil vere marknadsgrunnlag nok til ein kollega til i nordfylket.
Hårete mål
Vil selskapet tilsetje fleire i Fjordane? Vi spør distriktssjef Hans Erik Ørbeck i Hesselberg Truck.
– Per no held det med Cato, humrar Ørbeck før han presiserer at det er eit nokså hårete mål – sjølv om selskapet er gode på å setje seg hårete mål:
– Vår største konkurrent Toyota er mykje større enn oss. Dei har to tilsette i Sogn og Fjordane. Vi har ein marknadsdel i Norge på 20 prosent.
Men han strekar under at både han og eigargruppa til Hesselberg Truck AS, den tyske gaffeltruckprodusenten Linde, er ambisiøse. I 2013 hadde Hesselberg ein marknadsdel på 13 prosent. Eigarane sette eit mål om 20 prosent innan 2020.
– Det var eit hårete mål, men vi klarte det.
– Rett mann til rett jobb
Uansett, Ørbeck er overtydd om at Cato er riktig mann for å kapre større marknadsdelar for Hesselberg Truck i Fjordane. Dei har lagt ned mykje arbeid i å finne den rette mannen for den ambisiøse – og krevjande – jobben. Han må vere sjølvgåande, og det må du vere her i Fjordane, langt unna selskapet sine lokale i Åsane utanfor Bergen.
– Det er trist for Havyard at han slutta, men vi er veldig glade for å fått Cato med på laget. Han er sjølvgåande, og vi har sett dei første vekene han har vore tilsett hat han er typen som stiller dei rette spørsmåla til kundane. Og så er han både ein lun og roleg type. Og så veit vi at ein så god mekanikar vil generere fleire førespurnaden frå kundane våre, avsluttar Ørbeck.